Offentlig badstue på Dalen i Telemark
Sted: Dalen i Telemark
Oppdragsgiver: Offentlig
Prosjektperiode: 2015-2018
Størrelse: ca 50m2
Arkitekt: David Fjågesund og Lars Haakanes
Landskapsarkitekt: Asplan Viak
Lysdesign: ÅF Lighting
Kunstner: Maria E. Klyvare
Soria Moria ble tildelt DOGA Merket for god Design 2019.
Om prosjektet:
Nede ved Bandak står ein sponkledd skikkelse og skodar nedover kanalen. Bratte fjellsider stupar ned i vatnet, og dannar eit dramatisk utsyn. Tåka ligg lett over vasskorpa.
Prosjektet Soria Moria er utvikla av Telemarkskanalen regionalpark i samarbeid med Tokke kommune, og er ein del av eit større kunstprosjekt for heile Telemarkskanalen – Vannvegens fortellinger – der kunst, arkitektur og ljos nyttast for å lyfte fram attraksjonskrafta i landskapet og lokale særpreg.
Bygget sin karakteristiske silhuett er ei tolking av dei skrånande fjellsidene som forsvinn ned i Bandak. Kledningen av spon er inspirert av lokal byggeskikk. Innimellom tresponen blenkjer det av gull. Gullsponen dreg linjer til segn og soger og lokal forteljartradisjon; til det mystiske og underlege. Gullsponen er også ein referanse til den openbare kontrasten som oppstod mellom lågmælte telemarkingar og overdådig utanlandsk overklasse under etableringa av Dalen Hotel på slutten av 1800-talet. Bygget rommar ei badstue, omkledningsrom og takoverdekt utsiktsbenk.
Langs øvre enden av Bandak er det langgrunt, bortsett frå i djupålen Sigurdsevja. Prosjektet er difor plassert på pålar i vatnet langs djupålen for å legge til rette for bading. Sigurdsevja er ei tydeleg og karakteristisk landskapsform på staden. Plasseringa av gangbrygga og badstubygget bidrar til å understreke denne forma. Gangbrygga koplar seg på eit eksisterande turvegnett langs Bandak med kopling vidare opp til Dalen Hotel.
Eit nordisk designteam, samansatt av arkitekt David Fjågesund (Feste Landscape / Arkitektur), landskapsarkitekt Inge Dahlman (Asplan Viak), ljosdesigner Tobias Olsson (ÅF Lighting), kunstnar Maria Änquist Klyvare og prosjektgruppeleiar Lars Haakanes (Feste Landskap / Arkitektur) har stått for utforminga. Skorve Entreprenør har vore utførande. Lokal materialbruk har stått sentralt i prosjektet. Sponen er levert av Øyfjell Sag og bryggedekket av Tinnoset Sag.